Styrke sine nettsider

Industri Energi Equinor Mongstad deltok på raffineri konferanse i London


Den 22. til 23. mai deltok Forbundet Industri Energi på ein konferanse til samarbeidsforbundet i England, Unite.
Konferansens innhold var situasjonen og framtida til raffinerinæringen i Storbritannia.
Frå Industri Energi Equinor Mongstad deltok leder Kjetil Gjerstad.

-Dette gav oss eit godt innblikk i korleis både fagforeningen, raffineriene og bransjeorganisasjonen (les; bedriftenes sin forening) tenker på framtidig omstilling.
Viare var det også interessant å høyre om korleis partene såg på det britiske myndigheter legger opp til som endringsintensiver.
Eg opplever ein villighet frå bedriftseigarane i Storbritannia til å investere i framtidig omstilling i raffineribransjen, som eg også håpar me kan sjå i Equinor.»

Det vart også tid til ein omvisning i parlamentet og møte med fleire parlamentsmedlemmer.